June 10, 2008

Han høge frå Extras har vore i Søraust-Asia

Alt han gadd å ta med tilbake var denne heilt passe fine artikkelen, full av heilt passe morsomme linjer. Exhibit A: “my mum says it’s rude to use methods formally employed by the Gestapo”. 
June 8, 2008

Meir klang, takk

For å hive meg på hylekoret: Utifrå det eg har fått med meg så langt er Fleet Foxes gode ting (og når eg seier gode ting meiner eg lettfordøyeleg popmusikk i gata til Shins og Belle & Sebastian). Prøv denne melodien.  
June 4, 2008

Klapping av sin eigen rygg

Då vil eg få nytte høvet til å gratulere alle mastergradsstudentar på sampol med vel innlevert oppgåve. Alle er no endeleg i hamn, og det er tid for feiring. Eller for min del, vidareføring av den sommarferien som har vart eit par veker allereie. Og dei såg at det var godt.

Augene mine!

Jan Bøhler - for ein mann, for eit bilete.
June 2, 2008
På desse tider i fjor stifta eg først bekjentskap med The National gjennom deira fabelaktige Boxer. Har knapt skrudd den av sidan. No er dei ute med ny EP/DVD, der klippet ovanfor er henta frå filmen A Skin, A Night. AV Club oppsummerer filmen ganske greit som pretty, artsy, slightly boring, men musikken på EP-en er definitivt verd å få med seg. Det er nesten så ein kan bli frista til å besøke Øya igjen for å få med seg når karane kjem til landet i august. Sannsynlegvis berre nesten, dog.
May 30, 2008

Living in America

Dagbladet har ein fascinerande artikkel om amerikaniseringa av norsk politikk. Det går fram at amerikanisering er av det vonde, sjølv om ein ikkje heilt veit kva det er. Bromark og Herbjørnsrud utviklar det samme argumentet over ei heil bok. Anbefalast.
May 29, 2008

Dagens apenytt

Ei riktig gladsak frå New York Times. Overskrifta er nok: “Monkeys Control a Robot Arm With Their Thoughts”.

Bladet kan melde om klassisk apeoppførsel: “They sat stationary in a chair, repeatedly manipulating the arm with their brain to reach out and grab grapes, marshmallows and other nuggets dangled in front of them. The snacks reached the mouths about two-thirds of the time — an impressive rate, compared with earlier work”.

Det blir også bonuspoeng for mengda av tullenamn på forskarane som utførte forsøket: Meel Velliste, Sagi Perel, M. Chance Spalding and Andrew Whitford. 

May 27, 2008

Apropos filth, flarn og filth

På sine gamle dagar har Bill Cosby blitt noko av ein moralsk forarga korsfarar mot alt som er av styggedom i det afro-amerikanske samfunnet. Dette legendariske klippet frå Eddie Murphy sitt Raw-show viser vel i og for seg at far Cosby har vore forarga over ungdommen minst sidan 80-talet. Raw er jo forøvrig også så høgt som Murphy kom, der på huset har det blitt produsert lite av verdi etter dette.
Nytt frå N .E.R.D. Er aldri heilt sikker på om eg likar desse karane eller ikkje. Men det er eit eller anna ved det som gjer det interessant (zing!) likevel. Samme med videoen - det er kult, men likevel ikkje. Gir det meining? Nei? 
May 26, 2008

Korleis gjekk eg glipp av dette?

Verdas mest tullete og gammaldags filmskurkaktige gale diktator, Saparmurat Niyazov, betre kjent som Turkmenbashi, er død, og har forsåvidt vore det ganske lenge. Litt lei meg for at eg først fekk vite om dette heilt nyleg. Med tanke på underhaldningsverdien er det også beklageleg at hans etterfølgar, Gurbanguly Berdymukhamedov, har begitt seg inn på ein meir standard autoritær veg. Til dømes har månadane i året igjen sine vanlege namn, og ikkje lenger oppkalt etter Turmenbashi si mor eller liknande. Sikkert bra for dei som må bu i Turkmenistan, men kjedeleg for oss andre.