Utan nokon annan grunn enn at eg no innsett for ein topplåt det er: Høyr på toppbandet Spoon sin cover av den for meg ukjente (som meir eller mindre alle andre sangar i katalogen hans, You Can Call Me Al unntatt) Paul Simon-sangen Peace Like A River. Tidlaust, ikkje-produsert, topp.
Snakkar om popklassisisme, Elton Johns Rocket Man har rykka oppover mine lister igjen etter at den dukka opp i ein påkosta og på alle måtar vellaga reklame for Generisk Norsk Storselskap (det var visst StatoilHydro denne gong). Det igjen minte meg om denne.
3 days ago
Frank Rossavik brukar sin siste arbeidsdag i BT til å vere noko av ein surpomp. Tenke seg til at Obama ikkje er ein skandinavisk sosialdemokrat likevel, liksom. Sjokket! Rossavik er som alle veit ein av dei flinkaste aviskommentatorane der ute, men det må vel vere litt slitsomt å skulle vere house contrarian (som det heiter i utlandet) støtt? Han skal uansett ha lykke til vidare i Morgenbladet, det høyrest ut som ein god kombo.
I relaterte saker: Valet er over, så då skal det evaluerast. Via hr. kottke kjem Newsweek sitt bidrag (har strengt tatt ikkje fått lest alt enno, men ser bra ut). Og så var det jo godt å få vite det.
1 week ago
På høgde med det beste i Sogn og Fjordane: Bygdanytt melder om ufred og bråk i Ytre Arna.
Frå dagens leiar i samme avis siterer vi: “For at det verkeleg skal monna må ein finna fram øksa”. Det er no det eg alltid har sagt.
1 week ago
Så var det over, og det er veldig rart. Går det an å følge like mykje med på amerikansk politikk framover? Eg trur vi kan trenge ein pause, men det har vore god moro så lenge det har vart. Eg nemnte prediksjonar tidlegare - fivethirtyeight.com fekk det meir eller mindre heilt rett. Samanlikn karta. Godt jobba.
Elles ser det ut til at folket i delstaten Alaska har lyst å sende ein korrupsjonsdømt 84-åring til Senatet. Der har du amerikansk politikk. (Det er snakk om at Senatet kan komme til å ta affære og vise Stevens ut. Det vil i tilfelle vere ei ære han berre vil dele med ei eksklusiv lita gruppe, først og framst dei som slo seg med Konføderasjonen ved borgarkrigen. Classy). Oppdatering: Haha.
2 weeks ago
For dei som hugsar slikt:
Denne Onion-saka er laga på samme idé som den klassiske Bizarro-stripa om The Supremes Court frå ordentlege gamle dagar. Framleis fun.
2 weeks ago
Aftenposten har ei litt artig
sak der folk har sendt inn sine noveller på seks ord, inspirert av alles favoritt Hemingway. Trur originalen er
her. Mitt forslag er ein hyllest til det evige geniet til norske største avis -
denne saka finn du ikkje andre plassar. “Hasjmann sextatt” bleiknar i forhold.
3 weeks ago
Prisen for beste poplyrikk må vere avgjort for i år. Det kan neppe bli betre enn starten på ‘I Wonder Who Is Like This One’ av Hello Saferide:
People are like songs, it’s true. Some seem dull
at first, but then they grow on you. Me, I’m like
Can’t get you out of my head. Annoying at
times, but I make you want to dance. But you
are the only one I’ve met who’s God only
knows. I liked you the first time I met you, and
it grows, and grows, and grows.
Råflott, skulle eg meine. Sidan plata begynner med dei linjene der, er det vel ikkje til å unngå at det som kjem etter blir ein liten nedtur. Men hei, det er likevel noko av den finaste popmusikken eg har fått med meg på ei stund. Ingen gratisversjon av denne liggande rundt, eg fleska like godt til og kjøpte den i iTunes. Ein kan no gjere det innimellom óg. Ingen kopisperre!
Hello Saferide har laga ein fin video til den finfine låten ‘Anna’ frå plata. Verd ein tur.
4 weeks ago
Morgenbladets flinke fyr Ketil Raknes* om den amerikanske valkampen i nemnte publikasjon:
Med finanskrise, en upopulær sittende president og en krig i Irak som aldri tar slutt har McCain alle historiske trender i amerikanske presidentvalg mot seg. Partiet med den sittende presidenten har aldri vunnet et valg hvis presidenten har mindre enn 46 prosent på popularitetsbarometeret. George W. Bush har 27. Skulle McCain vinne, vil det også bety slutten for kvantitativt orientert statsvitenskap som fagfelt, fordi en seier til McCain vil sprenge alle tilgjengelige prediksjonsmodeller.
Vi får håpe det blir, så slepp Gunnar Grendstad å finne seg noko anna å drive med.
*Det står stadig vekk i Morgenbladet-artiklane at han tidlegare var USA-korrespondent, og no jobbar i Burson-Marsteller. Men han skriv jo som aldri før for Morgenbladet. Kanskje det er lite å gjere på i norsk kommunikasjonsrådgivningsbransje.
1 month ago
Sjå der, eg klarer då å lese ferdige enkelte bøker. All The Sad Young Literary Men av Keith Gessen. Tittelen prøver kanskje litt hardt, no? Veldig white people. På eit tidspunkt sit eit par av karakterane og et dyr sandwich og drikk fransk presskannekaffi på ein sofa i Brooklyn, lesande på søndagens New York Times. Men den var ikkje så verst, eg trur kanskje det er ein 6.8.
Gessen har ein tumblr. Eg veit ikkje kva det er (samantreff, felles hjerne?), men han skriv iallfall i lengder om ein utsøkt artikkel (flink amerikansk forfattar, tennis? Ja, takk) av David Foster Wallace, som broder A. linka vidare til tidlegare. Det et eit lite internett der ute. (Memo til sjølvet: Les Infinite Jest).
I avdelinga for forsinka props: takk til dei gode menneska hos ufjelg for dette uvurderlege klippet, som eg heilt ærleg ikkje hadde sett før. Du får ikkje kjøpt slikt for pengar.
1 month ago