Eg har nemnt på Jeffrey Golberg før. Han verkar som ein oppegåande kar. Dessutan skriv han for The Atlantic, målet for om lag nitti prosent av linkane herifrå. No har han i alle fall vore ute og fått undersøkt hovudet sitt, noko som høyrest fornuftig ut. Kort fortalt går testen ut på å undersøke korleis han reagerer på bilete av ulike politiske aktørar, for å finne ut om han eigentleg er disponert for konservatisme eller liberalisme (i den amerikanske forståinga av termene). Ein slepp ikkje unna sin eigen hjerne. Heile artikkelen kan lesast her (den er faktisk ikkje så lang). Eitt av mange sitatverdige parti:
“Then there was President Bush talking about oil, and Hillary Clinton talking about health care, which caused me to realize that if you haven’t lain supine in a claustrophobia-inducing magnetized tunnel while watching Hillary Clinton talk about health care one inch from your eyeballs, well, you just haven’t lived. The Clinton video was followed by scenes from The Wire and The Sopranos. Kind of like a palate cleanser.”
2 weeks ago
Interessant som fotballblogg! Iallfall så lenge EM varer. Ein for meg ukjent NUPI-forskar
skriv i Dagbladet om utvatninga av landslaga som representant for det nasjonale, i og med at mange lag no har importert ein driblefant av ein eller anna eksotisk nasjonalitet (sjå t.d.
denne polske helten. Interessant, no også med polske fotballbloggar på tapetet). For meg verkar det som den franske statsborgarskapsmodellen har overtatt i dei fleste land, slik ein sikkert får sjå fleire brasilianarar og liknande i dei kommande EM. Eg skjønner at reglane må vere like for alle med tanke på statsborgarskap - viss ein er kvalifisert for statsborgarskap må ein ha lov til å spele på landslaget. Men problemet med kva ein då skal med landslag dukkar jo opp. Ah, denne globaliseringa og medfølgande nedbryting av nasjonale grenser! Kor vil den ta oss?
2 weeks ago
Fin artikkel i juli/august-utgåva av The Atlantic (som logisk nok blir utgitt i juni) om korleis bruken av Internett påverkar vår evne til å lese i andre former. Korleis ein les påverkar korleis ein tenker. Det er fascinerande lesing, og poenget blir greit understreka av at eg måtte lese denne ikkje spesielt lange artikkelen i minst tre ulike bolkar.
2 weeks ago
Aslak Nore meiner han har forklaringa på kvifor Norge ikkje er med i EM. Først må det understrekast kor viktig det er at Norge ikkje er med, slik at ein kan glede seg over ordentleg fotball i slike samanhengar. Dette EM-et har hittil framvist ordentleg fotball i overraskande mengder. Nesten samtlege kampar har vore verd å sjå, og difor har eg då også gjort det. Nore meiner i alle tilfelle at den norske likskapstanken er grunnen til at ingen blir verkeleg gode i fotball her i landet, altså at einarane blir haldne tilbake av breidda. Dette med kor mykje likskap som er sunt er noko som opptar meg, og eg kan vel på eit vis vere tilbøyeleg til å vere einig med Nore. Viktige reservasjonar: 1. Eg er skeptisk til å blande politiske forhold inn i forklaringar på sportsresultat. 2. Eg er skeptisk til om land med fire og ein halv million innbyggarar i det heile tatt kan kvalifisere seg til internasjonale meisterskap uansett kor elitistiske dei er i talentutviklinga si. 3. Eg er skeptisk til Aslak Nore på generelt grunnlag.
Bonus: Torgrim Eggen slår inn ganske opne dører i BT, men på ein leseleg måte. Mange av dei han skriv om har vel bevega seg innover mot sosialdemokratiet etterkvart, så det heng seg fint på Nore. Betydeleg mindre fotball frå Eggen, dog. Dette markerer også den lengste posten i Interessants korte historie. Eg beklagar, og lovar å fatte meg kort i framtida.
2 weeks ago
Alt han gadd å ta med tilbake var denne heilt passe
fine artikkelen, full av heilt passe morsomme linjer. Exhibit A: “my mum says it’s rude to use methods formally employed by the Gestapo”.
3 weeks ago
For å hive meg på
hylekoret: Utifrå det eg har fått med meg så langt er Fleet Foxes gode ting (og når eg seier gode ting meiner eg lettfordøyeleg popmusikk i gata til Shins og Belle & Sebastian). Prøv
denne melodien.
3 weeks ago
Då vil eg få nytte høvet til å gratulere alle mastergradsstudentar på sampol med vel innlevert oppgåve. Alle er no endeleg i hamn, og det er tid for feiring. Eller for min del, vidareføring av den sommarferien som har vart eit par veker allereie. Og dei såg at det var godt.
1 month ago